Ole Bosnes og Eystein Stordal
Multimorbiditet kan bestå av ulike helseproblem, og kompleksitet varierar med kombinasjonen av tilstandar. Til dømes kan behandling av ein sjukdom vera motstridande til ein annan. I sum blir det ofte mange medisinar, med risiko for feilbruk og biverknader.
Multimorbiditet utfordrar dermed både person, helsepersonell og helsevesen, som er retta mot enkelttilstandar og organisert etter organ.
Å tilhøyre lågare sosiale lag med færre ressursar (typisk målt som utdanning, inntekt eller yrke), og å vera samtidig skrøpeleg, er ytterleg kompliserande ved multimorbiditet. Kombinasjonen av multimorbiditet med omsyn til desse faktorane er likevel lite utforska.
Me undersøkte derfor sosiale skilnadar i førekomst av å vera multimorbid og skrøpeleg.
Data frå 38 027 deltakarar mellom 25 til 100 år i Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag, 2006-2008 (HUNT3), blei nytta i studien. Dei viste at totalt 39 prosent av deltakarane var multimorbide og skrøpelege, med fleire enn to helseproblem og meir enn éin nedsatt funksjon (generell, psykisk, fysisk eller sosial).
Det var høgare førekomst i lågare yrkesgrupper, blant kvinner og hjå dei med aukande alder. Skilnad i førekomst mellom høg og låg yrkesgruppe varierte med alder, men var til stades frå ung vaksen til høg alderdom (minimum 80 år).
Å vera multimorbid og skrøpeleg er svært vanleg sjølv i den generelle befolkninga, og det er sosiale skilnadar i heile vaksenlivet.
Førebygging mot sosiale skilnadar i helse er viktig gjennom heile livet. I klinisk arbeid bør ein vera merksam på behov for skreddarsydd behandling.
Originaltittel: Prevalence of multimorbidity with frailty and associations with socioeconomic position in an adult population: findings from thecross-sectional HUNT Study in Norway.