Sosiale skilnadar i kompleks multimorbiditet. Funn frå HUNT - Helseundersøkelsen i Trøndelag

Ved kompleks multimorbiditet, definert som tre eller fleire tilstandar i tre ulike organsystem, vil behandling av sjukdomar ofte vera motstridande og det vil typisk vera mange medisinar med risiko for feilbruk og biverknader. 

Sosiale skilnadar i kompleks multimorbiditet. Funn frå HUNT - Helseundersøkelsen i Trøndelag

Foto: Colourbox.com

Kristin Hestmann Vinjerui, Ottar Bjerkeset, Johan H Bjorngaard, Steinar Krokstad, Kirsty A Douglas, Erik R Sund

Multimorbiditet, det å ha fleire kroniske helseproblem, er vanleg. Typisk er det målt som to eller fleire tilstandar, og alvorsgraden varierar med kombinasjon av helseproblem. Ved kompleks multimorbiditet, definert som tre eller fleire tilstandar i tre ulike organsystem, vil behandling av sjukdomar ofte vera motstridande og det vil typisk vera mange medisinar med risiko for feilbruk og biverknader. 
Multimorbiditet utfordrar dermed både person, helsepersonell og helsevesen, som er retta mot enkelttilstandar og organisert etter organ. Å tilhøyre lågare sosiale lag med færre ressursar (typisk målt som utdanning, inntekt eller yrke) er ytterleg kompliserande ved multimorbiditet. Førekomst og sosiale skilnadar i utbreiing av kompleks multimorbiditet er ukjent i Noreg.
Data frå 38 027 deltakarar, 25 til 100 år, i Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag, 2006-2008 (HUNT3), viste at totalt 54 prosent hadde kompleks multimorbiditet. Det var høgare førekomst i lågare yrkesgrupper, blant kvinner og med aukande alder. Skilnad i førekomst mellom høg og låg yrkesgruppe varierte med alder, men var til stades frå ung vaksen til høg alderdom (minimum 75 år).
Kompleks multimorbiditet er svært vanleg sjølv i den generelle befolkinga, og det er sosiale skilnadar i heile vaksenlivet. Førebygging mot sosiale skilnadar i helse er viktig gjennom heile livet, og i klinisk arbeid bør ein vera merksam på behov for skreddarsydd behandling.

Originaltittel: Socioeconomic inequalities in the prevalence of complex multimorbidity in a Norwegian population: findings from the cross-sectional HUNT Study
Publikasjon: BMJ Open 2020 Jun 15


Fant du det du lette etter?