HELSENORGE

Sosiale skilnadar i multimorbiditet og samanheng med død

Me undersøkte kombinasjonen av sosial posisjon, multimorbiditet og død i data frå 31 132 deltakarar i Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag, 2006-2008 (HUNT3).

Sosiale skilnadar i multimorbiditet og samanheng med død
Foto: Colourbox.com
Kristin Hestmann Vinjerui, Johan H Bjorngaard, Steinar Krokstad, Kirsty A Douglas, Erik R Sund
Sosiale skilnadar i helse er kjent, der dei med færre ressursar – typisk målt ved utdanning, inntekt eller yrke– har dårlegare helse og døyr i yngre alder. Multimorbiditet – det å ha fleire kroniske helseproblem – er vanleg og fylgjer dette sosiale mønsteret, då det i lågare sosiale lag er fleire og yngre personar som har multimorbiditet. Multimorbiditet auker òg risiko for død, medan få har forska på samspelet mellom sosial posisjon, multimorbiditet og død.

Me undersøkte derfor kombinasjonen av sosial posisjon, multimorbiditet og død i data frå 31 132 deltakarar i Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag, 2006-2008 (HUNT3), som vart kobla med dødsmeldingar i Folkeregisteret fram til februar 2019. Yrkesgruppe vart brukt som mål på sosial posisjon.

Blant vaksne (35 til 75 år) aukte absolutte dødstal og relativ risiko for død med lågare yrkesgruppe og fleire helseproblem. Menn i lågare yrkesgrupper virka til å vera ei spesielt sårbar gruppe.

I ei norsk ålmenn folkesetnad, er sjølv avanserte mål for multimorbiditet vanleg, med ulik sosial fordeling gjennom heile vaksenlivet og sosiale skilnadar i død ved lik multimorbiditet. Funna viser at folkehelsearbeid mot sosiale skilnadar i helse er viktig for å auke overlevinga for alle.

Originaltittel: Socioeconomic Position, Multimorbidity and Mortality in a Population Cohort: The HUNT Study


Fant du det du lette etter?