Undersøkelse, Dopamintransporter scintigrafi
DaTSCAN - nukleærmedisinsk undersøkelse av hjernen, Sykehuset Levanger
Undersøkelsen gjøres for å kunne vise forandringer i hjernens dopaminaktivitet. Disse forandringene kan oppstå ved for eksempel Parkinsons sykdom. Vi benytter et sporstoff merket med en liten mengde radioaktivitet for å kunne si noe om dopaminaktiviteten i hjernen. Vi bruker et gammakamera eller en SPECT/CT for å ta bildene.Før
Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har fått innkallingsbrevet.
Om du er gravid, kan vere gravid eller om du ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkalling til undersøking. I dei aller fleste tilfella skal då denne undersøkinga ikkje gjennomførast.
Viktige førebuingar
- Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga.
- Det er nokre medikament du ikkje bør ta før du kjem til undersøkinga. Sjå innkallingsbrevet for nærare informasjon om kva medikament du må slutte med på førehand.
- Du kan ete og drikke som vanleg.
- Du må kunne liggje stille på ryggen på ein undersøkingsbenk i omtrent 30 minutt medan bileta blir tekne
Under
Du får sett inn ein kanyle i ei blodåre i armen. Dette er nødvendig for å kunne gi deg stoffa som skal takast opp i kroppen din. Du vil få eit stoff som blokkerer opptak i skjoldbruskkjertelen, dette stoffet får du anten i blodåra eller som ein tablett.
Så får du eit sporstoff merkt med ei lita mengd radioaktivitet som blir teken opp i dopamintransporterar i hjernen. Vi tek bilete omtrent 3 timar etter at du har fått sporstoffet.
Når vi tek bileta må du liggje på ryggen med hovudet i ei hovudstøtte. Gammakameraet kjem nært hovudet ditt for å få så gode bilete som mogleg. Det tek omtrent 30 minutt å ta bileta.
Etter
Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.
Det tek nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din.
Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svar på undersøkinga blir sendt til legen som har tilvist deg.
Kontakt
Sykehuset Levanger
Avdeling for bildediagnostikk, Sykehuset Levanger
Oppmøtested
Vi har lokaler i 1. etasje i hovedbygningen, med adkomst via hovedinngangen i 0. etasje.
![Bygningsfasade på Sykehuset Levanger. Foto.](/4a8144/siteassets/bilder/bygninger/sykehuset-levanger.png?format=webp&width=512&height=293&quality=80)
Sykehuset Levanger
Kirkegata 2
7601 Levanger