Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Behandling

Operasjonssår

Informasjon om hvordan du kan stelle operasjonssåret når du kommer hjem fra sykehuset.

Før

Operasjonssår er ofte lukka ved hjelp av sting, klemmer eller stiftar. Sårstrips fungerer oftast som ekstra støtte når såra er sydd frå innsida, men blir også brukt ved utvendige sting. Desse skal sitje på så lenge du får beskjed om det, eller til dei losnar av seg sjølve.

Under

Såret er sensitivt for skade og infeksjon dei første 8–10 dagane. Vi tilrår derfor at du unngår badekar og symjebasseng inntil sting/agraffar er fjerna, og såret er grodd. Såret treng ikkje å bli reingjort rutinemessig.

Dei første 48 timane skal du ikkje dusje. Etter 48 timar skal du dusje med bandasje. Blir bandasjen våt skal såra lufttørke og du skal setje på ny bandasje. Har du sårstrips, beheld du desse på.

Råd for optimal sårheiling

Røyking reduserer blod- og oksygentilførsel til såret, og er ei av dei største årsakene til infeksjon og dårleg sårtilheling. Derfor blir røyking avrådd. Det er viktig å ha eit normalt kosthald for at såret skal gro. Kost beståande av frukt, grønsaker, meieriprodukt, kornprodukt, kjøtt og fisk tilfører kroppen vitamin og mineral, feitt og protein som er viktig for sårtilheling. Dersom du har diabetes er det viktig å ha eit så stabilt blodsukker som mogleg.

Sårskift

Vask hendene før og etter bandasjeskift. Ikkje ta med hendene direkte i såret.

Bandasje

Du skal bruke bandasje til sting, klemmar eller stiftar er fjerna. Du skal ikkje ta av bandasjen 24 timar etter inngrepet. Vi tilrår at du vel ein bandasje som er hudvennleg (lèt seg lett fjerne), kan absorbere væske frå såra og som er vasstett. Unngå bandasjar som kan etterlate seg restar i såret eller bli sitjande fast, til dømes bomull.

Det er viktig å sjekke såra jamleg ved å ta av bandasjen og sjå etter korleis såra ser ut. Ver merksam på forandringar som; aukande smerte/sensibilitet i såret, raude, hevelse, misfarga puss eller bløding, lokal varme, såra opnar seg, feber eller nedsett allmenntilstand. Oppstår éin eller fleire av desse tilstandane må du kontakte sjukehuset.

Etter

Sting, strips og agraffar

Sting og agraffar blir fjerna hos eigen lege.

Råd for optimal arrdanning

Arret blir bleikna med tida, men dette kan ta fleire år. Det er viktig å verne arret mot soling i denne tida. Bruk derfor solkrem når du er ute i sola. Bruk gjerne eit vern over arret i område utsett for drag eller friksjon. Eit billig alternativ er ein mikroporøs teip. Fuktgivande og hudvennleg olje, krem/lotion gir fukt og kan bidra til eit glattare og finare arr.

Vær oppmerksom

Det er normalt å oppleve smerter i såret dei første dagane og at såret ser fuktig ut. Aukande smerter og lekkasje frå såret kan derimot vere teikn på infeksjon. Oftast oppstår infeksjon mellom dag fem og ti etter operasjonen, men det er viktig å observere teikn til infeksjon i 30 dagar etter operasjonen.